Biletgalleri for DJF
  Dale Jakt og Fiskarlag
 

Biletgalleri for Dale Jakt og Fiskarlag


 

Nytt frå Daleelva:

12.juli 2011

Det gode fisket ser ut til å fortsetta. Det er tatt bra med tert/mellomlaks dei siste dagane. Nokre storlaksar er og kome på land, der i blant ein stor hannlaks på vel 10 kg, den vart gjennutsatt slik som reglane tilseier. Nokre store sjøaurar er og kome på land. Den største sålangt er på 3,4kg.

 

Bilete av den største sjøauren og laksen så langt i år.





3.juli 2011

Årets sesong har starta bra, med 9 laksar/tertar første fiskedag. Villaksen i år er freda og må setjast ut att i elva, eller fraktast til klekkeriet. Me har no fått inn fleire fine stamlaksar som ska nyttast til hausten. Den fettfinneklypte laksen kan ein ta.

laks på vel 4 kg. Foto: Arne R Sandven



6. November 2010

Strykinga nærmar seg, og testfiske i elva har vist at det er bra med gytefisk på elva.


Fin stamfisk, her ser du ein flott hannlaks på ca 9 kg. Foto: Arne R Sandven.

12. Oktober 2010

Sesongen er over og fangstane har vore brukbare, spesielt er det teke meir tert enn dei siste åra. Det er bra med stamfisk i klekkeriet. Bilete av stryking og stamfisk kjem når det vert gjennomført.



24.august 2010

Nokre fangstbilete frå tidlega i år er lagt inn, teksten kjem dessverre ikkje med på bileta. Elva hadde fin vassføring ein dag og det gjekk opp litt fisk. Dessverre har nokre fiskar ei god del luseskadar og garnskader.

16.august 2010

Elva har den siste tida gått litt større enn ho har gjort tidelgare i sommar. Vassføringa har vore mellom 7-8 kubikk. Det er vorte teke ein god del laks på 1,5-2,5 kg den siste tida, og i fjorden har fleire slike fiskar vist seg, så det er håp. All villaks på over 70 cm er freda, og skal setjast tilbake i elve eller takast inn til stamfisk viss det er mogleg. Grunnen til fredninga er at det har vore lite fisk, spesielt hofisk på over 70 cm (3kg). Og for å ta vare på gytebestanden måtte fredinga innførast.

Sjøaurefisket har vore heller dårlig, og det kan tyda på at fjoråret gjentar seg på det feltet, at fisken går seint på elva. 

5.august 2010


Fiske sålangt i sesongen har ikkje vore det heilt store, mykje grunna lite vatn. Elva går no på 4,5-5 kubikk, og det er lite oppgang av fisk. Nokre aurar og tertar går på elva, men det trengs nok meir vatn for at auren skal gå på for fullt. Den største sjøauren sålangt er på 3,2kg teke av Olav Hatlestad, medan den største laksen er på ca 9 kg teke av Øystein Sellevold, denne holaksen går no i stamfiskanlegget.



Flott holaks på ca 9 kg. Foto: Øystein Sellevold


12.juli 2010

Dei siste dagane har elva vore litt større, men framleis ikkje nok vatn til at det går særleg med laks på elva. Sålangt er det teke 8 tertar og 2 laksar (begge 6kg). Det er og teke nokre sjøaurar.





Idar Tveiterås med fin laks på 6 kg, laksen var feitfinneklypt og stammar frå klekkeriet. Foto: Arne R Sandven


7.juli 2010

Laksefisket så langt har ikkje vore det heilt store grunna lite vatn, men nokre tertar er komen på land. Mellom anna denne fine terten på 2,4kg teke av Roald Arne Kvamme i Båthølen.


laks på 2,4kg teken av Roald Arne Kvamme 7.juli
Foto: Roald Arne Kvamme

17.juni 2010

Det er observert laks i elva, men lite vatn gjer det vanskelig for fisk å gå på elva no, så ein for håpe på litt regn i næraste framtid.

5.Juni 2010

No er det under ein månad til sesongstart  Elva har stort sett gått lita den siste tida, og det kjem den nok til å gjera ganske lenge grunna lite vatn i magasinet. Men ein kan håpa på litt nedbør slik at det vert fin oppgang i juli.


7.november 2009

Denne dagen vart all stryking av laks gjennomført, 15 holaksar og 15 hannlaksar vart tømt for rogn og mjølke. Mange fine hofiskar som gav bra med rogn.


Odd Rune med ein fin stor holaks.


Gytesesongen står for tur og det er bra med laks i klekkeriet, me har over 40 laksar i stamfiskanlegget og halvparten av desse er holaksar. Mange fine på mellom 6-10kg.

Gytefiskteljinga var oppløftande. Det vart talt ca 1200 sjøaurar og 75 villaksar. Den største laksen under teljinga var 14-15kg.


Ny video

stor sjøaure frå Vassbygdelvi
Trykk på bilete for å kome til videogalleriet.

*Videogalleriet er oppdatert med fine undervassklipp frå Vassbygdelvi i Aurland. Den største sjøauren på filmen er nærare 6kg.*


Design: Arne Rugeldal Sandven

 
  Antall besøkande på sida er: 18473 visitors  
 
=> Do you also want a homepage for free? Then click here! <=