Biletgalleri for DJF
  Arkiv
 
Nytt frå 2008 - sesongen

***Ein brukbar sesong i elva, mange av fiskarane har vore flinke til å levera inn laks til stamfiskannlegget gjennom sesongen. Smålaksen svikta i år og, men brukbart med mellomlaks og storlaks, den største registrerte laksen tok Idar Tveiterås, det var eit flott villaks på 12,2kg, Ellers tok Tore Wiers ein laks på 12++ på slutten av sesongen***

***17.Juli: Nye bilete er lagt ut på biletgalleriet. Elva har gått stor dei siste dagane og nokre sjøaurar og laksar er kome på land***
***11.07: Dei første 11 dagane av sesongen har vore betre enn forventa, spesielt med tanke på innsiget av mellomlaks på 3-5kg. Ellers er det lite smålaks å få, og berre 2 storlaksar er kome på land (7,5kg, Båthølen og 7,0kg, Veihølen). Det står nok nokre storlaksar i elva, men fiskarane har ikkje klart å landa dei. Sjøauren let vente på seg grunna kaldt elvevatn, men nokre aurar er og kome på land, den største som er teke er 2kg. På fangstbilete kan ein sjå nokre av laksane som er kome på land***

 

***01.07: Laksestarten var betre enn venta. Det vart teke 5 laksar det første døgnet. Ein tert og fire mellomlaks. Ein kan sjå nokre av fiskane under fangstbilete for 2008***

***01.07: Den første natta kom det på land 2 laksar og 4 sjøaurar. Den største laksen var 5,7kg medan den andre var 3,1kg. Den største sjøauren vog heile 4,25kg*

 

***27.06: Ein flott stamlaks på 6,4kg er teken. Laksen var ein vill hannlaks og kjem til å verta nytta i haust.***

 

***15.06: Laks på 10,5kg er teke under det tidlige stamfiske i elva. Laksen var ein flott holaks, og var feittfinneklypt.***

 

Oversikt over dei 10 største laksane som er teke i 2007: Sidan laksesesongen vart freda i midten av juli er det ikkje laga lista for storlaks sesongen 2007. Den største laksen som vart tatt var ein stor hannlaks på 15,2kg (112cm) (C&R) teke av Jarle Gjerde i Båthølen i September. Det vart og teke laks på ca 12kg i Revebrua i juli.



 
  Antall besøkande på sida er: 23698 visitors  
 
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free